SJØAUREFISKE I TEIGDALEN, 15.07.00-15.09.00
Miljøvernavd. hjå fylkesmannen i Hordaland har gjeve elveeigarane løyve til å fiske etter sjøaure i Teigdalselva frå 15.07. til 15.09. 2000. Laksen i vassdraget er freda. Laks som vert fanga skal setjast ut att i vassdraget mest mogleg uskadd.
Fiske ovanfor Mestad og Fadnes elveeigarlag sine rettar må avtalast med grunneigar.
Korttype : Døgnkort. Gjeld frå kl. 0.00 til kl. 24. 00
Antal kort : 20 kort/døgn
Pris : 100,-/døgn 250,-/veke
Salgsstader : Heine Mestad, Mestad, tlf 56 52 17 54
: Gerd Brunborg, tlf 56 52 16 70
Fiskekortet må hentas innan kl. 12 00 fiskedagen.
Gyldig fiskekort skal synast fram på oppmoding frå elveeigar og oppsyn. Fiskekortet er personleg og kan ikkje overførast til andre.
Bruk av oter i Mestadvatnet er forbode.
«Krøkjing» av fisk er forbode.
Elveeigarane står fritt til å freda oppgangshindrande hølar og å innføra andre reguleringar i fisket.
Oppmoding; Lever inn skjellprøvar og fangstrapport!
Fangstbegrensningar:
I periodar kan det være stor oppgang av sjøaure i elva, og me velgjer difor å begrense mengde fanga fisk pr. døgn. I år vert det lov å fange 5 fisk pr. fiskar pr. døgn.
Brot på fiskereglane kan føre til utestenging!
FANGSTRAPPORT OG SKJELLPRØVE
Elveeigarane oppmodar fiskaren til å nytta seg av fangstrapporten på baksida av fiskekortet. Ta óg skjellprøve av sjøauren som vert fanga. Fangstrapport og skjellprøve gjev kunnskap om sjøaurebestanden i vassdraget, og vil vera til nytte ved fastsetting av fisketida til neste år. Vi får óg viktige opplysningar om effekten av fiskeutsettingane i elva.
Skjellkonvolutt finn De i postkassane på Mestad og Fadnes. Målebrett og vekt likeså. Legg fangstrapport og skjellprøve i den eine av postkassane etter avslutta fiske.
LUKKE TIL MED FISKET! HELSING FADNES/MESTAD ELVEEIGARLAG