Sykklist Velkommen bedrift

Sykkeltur
Mestad Camping er ei "Sykkelistvelkommen" bedrift. Det vil sei at vi saman med andre overnattingsbedrifter vil prøva å leggja tingene spesielt tilrette for sykkelturistar. Dette er eit prosjekt som er i startfasen. Me er spente på om de som kundar vil bli fornøgde med våre tilbud.

Hovudrutene er som beskreve i Osterfjord reiselivslag si eige brosjyre. På denne ruta kan me på Mestad Camping tilby dei generelle krav "Sykkelistvelkommen" prosjektet stiller til deltakarbedriftene.

Mellom anna kan me nemna eigen sykkelverkstad, transport av bagasje og evt. sykklistar opp til Nesheimfjellet, som er ruta sitt høgaste punkt, eller fram til neste overnattingsstad.

Me tilbyr óg transport til Volavatnet som er endastasjon på ein fjellveg som vart laga av BKK under utbygging av Teigdalsvassdraget. Denne ruta er omlag 18 km frå campingplassen, og vil gje ei stor naturoppleving. Turen kan anbefalast som dagstur eller overnatting i turisthytte 40 min. fottur frå vegen.